mandag, mars 13, 2006

Djurgården


Søndag ettermiddag var det klart for ekskursjon i by'n. Turen gjekk til akvariet ute på Nordnes, der me var ein liten gjeng som fekk oppleve det aqua kulturelle. Eg er fan av at 1000 bilder seie meir enn eit ord. Så her ser du resultatet igjennom linsa mi:
Pingvin


Fisk i halsen

Gjedde

Akvarie fisk

Steinbit


tirsdag, mars 07, 2006

Family Bonding

Lenge siden eg har blogga no. Men her får du siste nytt frå Hellegutten. Sidan sist blogg har eg hatt vinterferie. Store deler av den vart brukt på Jæren. Her var det klart for det store foreldretreffet. Min mor og far kom til duk og dekka bord på gården fredag 3.mars. Og da gjekk starskuddet for ei opplevelsesrik helg. Mangt eit tema vart diskutert. Industripappaen min klarte seg fint i samtale med bondefaren til Solfrid. Mens mamma og mor til Solfrid samtala godt om alt det mødre kan finne på å snakke om. Sjølvsagt vart den store dagen i juni bragt på banen og mang ei utfordring vart løyst. Søndagen tok me med oss foreldre og åt ein fortreffelig søndagsmiddag i lokala der me skal ha bryllupet. Dette var ei flott helg med to par fornøyde foreldre. No er me kommen til bergen igjen og skulekvardagen er over oss. Solfrid kom på 27 saker som me må løyse før bryllupet, så det er berre å henge i.

Ute på tur


Kyrkja vår

Sauer i vifteform

søndag, februar 12, 2006

Stord Rock City


Noko eg har hatt til gode lenge er å komme meg på Bastard konsert. Begeistringa var derfor stor då eg vart fortalt at dei skulle spele på Kvarteret i by'n. Lørdag møtte me mannsterke opp og det var det mange andre som også hadde gjort. Kvarteret var fullt til randen av stordingar, og stemninga var på topp. For første gang i mitt liv fekk eg høyre musikken til bandet som skulle spele, bli spelt over anlegget før konserten. Snodig! menmen...Så entra stordgutta scenen og drog igong eit heidundrane rocke show! Dei to første songane var nye, men så kom hittane som perler på ei snor. "Sommarsong", "Hånd i hånd", "Elg", "Politikk", "Varm Vind", "Livets gang" med mange meir..Stemninga var stor og stordafolket sang med av full hals! Lenge sida eg har vert på ein konsert med så mykje liv..Då Bastard avslutta den enorme konserten med "Bein Harald" var det berre til å bøye seg i støvet! Dette var ein stor opplevelse. Vell heime peip øyrene og stemma var hås, men har plekteret som minne!


lørdag, februar 11, 2006

I nattens mulm og mørke


Meg og min venn Canon var ute på by'n på fredag. Me hadde fira gode kvalitetstimar, men måtte gå heim da eg begynnte å få kuldekrampar i beina. Her får du servert nokre av dei augeblikka som me fekk samen. Eit bilete seier meir enn 1000 ord, så eg lar desse snakka for seg sjølv:


1...2...3...rødt,gult og grønt lys....hm

Zebra crossing


Strandgato

Bryggen

Følg med i tidene...Bergenstidene

tirsdag, februar 07, 2006

Ny nøtt

Tenk deg at du er ei vaskedame ved Bergen Tekniske Fagskule ein ettermiddag i februar. Du kjem inn i klasserommet til forkurs A klassen og starter din daglege vaskerunde. Heilt framme ved vinduskarmen ser du dette


Er du så sugen på den krona du vil få ut av panten? eller trur du drikkeflasa tilhøyrer saftflaska og derfor lar du den stå?

Vaskedama til Mr.Anders'en klarte ikkje å stå i mot fristelsen to dager på rad

mandag, februar 06, 2006

To store

Tar du turen til øvresandviksvg 50 i desse dagar, vil du finne to unge menn oppslukt i spel og konkurranse. Kvar kamp er full av iver og innlevelse. Gledescenene er ofte store,og den tapande part må li seg gjennom verbale utfordringar frå vinnaren. Derfor ender det ofte i omkamp! Tar du turen opp skal du jammen få prøvd deg! me glede oss og tar i mot utfordringen

Stiga hockey


Pro Soccer Evolution 5

torsdag, februar 02, 2006

Ei lita sjel har forlatt jorda!

Det er det ein trist dag for familien Helle. Vår vetle trufaste følgesven Lady har i dag forlatt oss. Det er med tungt hjerta eg skriv dette. Men me trur det er var til det beste, for i lengre tid har det vore sjukdomsteikn. Så fra i dag vil eg gjøyme alle dei gode minnene, turane og kosestundene i hjerta mitt. Er vanvittig takknemlig for alt det ho har gitt meg og familien i livet.